De Danseglade



Dansebrev fra Gran Canaria

På forsiden akkurat nå

I kveld går startskuddet på Dansegallaen 2013 på Gran Canaria, men tru berre ikkje at dansefoten har kvilt av den grunn. Eg er så heldig at eg bur i flotte Playa del Ingles med hotellet «Playa del Sol» i umiddelbar nærhet og med eit bra danseband på scena er det ikkje vanskeleg å gjera ein innsats for å redusera spora etter all den gode maten eg har kosa seg med i juleferien. Laurdag kveld kom Bo Thomas Bråten og Hans Olav Trøen frå Vagabond + Rune Rudberg til «Naboen Pub» rett borti gata her, og underholdt ei lita stund, så det måtte eg jo sjølvsagt få med meg. I går starta oppladinga til dansegallaen med tedans på «La Bolera» i Puerto Rico. Det vart nokre utruleg flotte ettermiddagstimar godt leda av På Dansefot «general» Erik Forfod og Lasse Johansen.

Abo promo lite for teksinnlegg Orkideekspressens suksess til Thailand oktober 2012

Her underheldt bl.a. Roko, Lasse Johansen pluss at Vagabond, Holmsve og Odd Arne Sørensen gav dei mange frammøtte ein smakebit av kva dei kan venta seg på dansegallaen, om dei løyste billett. Publikum fekk seg og eit par uannonserte opptredener. Det viste seg at duoen Lady og Landstrykeren var i Puerto Rico og dei framførte bl.a. Finnanger Brygge sangen for Hans Finnanger som hadde fødselsdag. Fantastisk var det og å høyra ei lita jente på 7 år syngja, utruleg bra. Ifølge Lasse Johansen var det alltid show og fullt hus på tedansane om søndagen. Dette vart verkeleg ein triveleg ettermiddag og når eg så inntok eit fantastisk godt måltid på kinarestaurant etterpå – saman med gode venner, ja då var grunnlaget lagt for å avslutta dagen på Lasse Johansen Dansebar. Der underholdt bl.a. Roko, husorkesteret Blue Band og ikkje minst Holmsve. No er da berre å gleda seg til i kveld for då set eg og mange med meg nasa mot La Perla Sur der dansegallaen vert arrangert – vert spennande! (Tekst og foto Anne-Karin Eikeland)

Last ned DDKalenderen 2013 ved
å klikke på bildet under

DD Kalender 2013 liten Orkideekspressens suksess til Thailand oktober 2012 Siste utgave kj%C3%B8pes her Orkideekspressens suksess til Thailand oktober 2012

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også