De Danseglade



BRIS «spelte skjorta» av to generasjoner i Eikelandsfjorden Samfunnshus.

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Det var ein spent arrangør som hadde flytta den tradisjonsrike 2.dags julepub’n til laurdag 5. juledag, men det skulle visa seg at dei hadde ingenting å frykta. Rundt 400 trossa eit mildt sagt utriveleg vêr og tok turen til Eikelandsfjorden Samfunnshus denne kvelden og etter det me har fått høyra var det lenge sidan det har vore så mange på dans der. Eg trur ikkje at eg tar for hardt i når eg snakkar om at her var to generasjoner – frå 18 år og til godt vaksne. Kanskje ikkje så rart i seg sjølv, men når alle gav tilbakemelding om at dei var storfornøgd med musikken, ja då smilte arrangøren bredt. Vonar dette inspiserer dei til å arrangera fleire dansar. Sjølv om dei har litt å forbedra, så har dei verkeleg forstått verdien av annonsering, her har mange mykje å læra. Tom. ein lokalradio var tungt inne i bildet dei siste dagane før arrangementet. Det var tross alt femte dagen det var tilstelling i nærområdet i jula dette.
Abo promo lite for teksinnlegg Ole Ivars fikk platina for Platina
Ekstra kjekt var det å sjå ungdomane by sine forelder opp til dans, og ikkje minst stillte villig opp på bilder, ja enkelte nytta høve til å laga eit bilde ispedd litt humor . Nokre ungjenter gjorde eit lite stunt og tok fotoapparatet mitt medan eg var og dansa – dei hadde visst lyst å ta nokre bilder av seg sjølve. Eg kan ikkje anna enn smila, det var vel kanskje ikkje meininga deira å koma på De Danseglade sine nettsider – eller var det kanskje det dei ville ? Uansett – herlig ungdom ! Samfunnshuset i Eikelandsosen er stort og godt og det var aldri trangt på dansegolvet, folk oppheldt seg både i den store foajèen der det var utsal av mat og drikkevarer – og i kafeteriaen. Julapub`n har alltid vore eit arrangement der ein treff att vener og bekjente, og då er det jo kjekt å preika litt òg. Særdeles vellukka virka det vera at dansen var flytta ein time og varte frå kl 22 til 02, for det vart snart fullt på dansegolvet.

Abo promo lite for teksinnlegg Ole Ivars fikk platina for Platina

Allsangen ljoma i salen rett som det var, og som bilda viser så levde BRIS opp til slagordet sitt om at publikumet når dei går heim etter ein dansekveld med dei – skal vera «Svett, sliten og lykkelig». Sjølve var dei strålande fornøgde både med arrangør og publikum og synes dei fekk ei flott avsluttning på eit fantastisk år. Ny cd er på trappene til sommaren og 15 spelejobbar er alt kome på speleplanen, deriblandt både Seljord og Sel, ikkje rart dei strålar for tida.
Anmeldelsen kjem i DD sitt februarnummer. (Tekst og foto: Anne-Karin Eikeland

 

Last ned DDKalenderen ved
å klikke på bildet under

DD Kalender 2013 liten Vi danset til Dænsebændet & Smaltown Tommy i Trøgstadhallen Siste utgave kj%C3%B8pes her Vi danset til Dænsebændet & Smaltown Tommy i Trøgstadhallen

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også