De Danseglade


131109  Bergen Foto Anne Karin Eikeland (12)

Arctic Band i Bergen

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Andre helga i november skulle eg endeleg få møta og høyra den herlige gjengen i Arctic Band igjen. Ikkje minst var eg spent på den nye cd’n deira som eg visste dei hadde med seg for sal.
Nokon hadde nok opplevd Arctic Band i Seljord eller Sel, og eg for min del hadde i tillegg hatt gleda av å høyra dei på «Dans i Karlsøy» i 2012 og på «Hinnøyfestivalen» i sommar.

Eg vart glad då eg kom inn i lokalet, for her var overraskande mykje folk og det seig på. Ja, ein plass mellom 150 og 200 fekk eg opplyst var og svinga seg denne kvelden. Her var berre smilande folk å sjå og bandet fekk mange lovord, for dei spelte herlig dansbar musikk med god lyd takka vera deira faste lydmann. At AB syng på dialekt er berre pluss i mine øyro, og aldri har eg høyrt dei betre enn denne kvelden. Det er tydeleg at gjengen storkosa seg i lag, samspelet og samhørigheita spegla seg på scena. Dyktige musikarar er dei alle sju, men eg må få lov å gje ein ekstra honnør til Håkon Skog Erlandsen og hans herlige saksofonspel som etter mi meining hevar bandet fleire hakk. Tittelsporet på «Alle mine veia» for eksempel, ein kan verta trollbunden av mindre.

Så kom laurdagen, og eg som eigentleg berre skulle vera ein kveld i Bergen denne helga, klarte ikkje halda meg heime. Det vart ny tur til Glade Rosenkrantz der opp mot 350 var innom og stemninga var heilt topp. Nokre TIL tilhengjarar som var i byen i samband med søndagens kamp, fann og vegen hit, i tillegg til at trufaste fans var komen heilt frå nord. Vokalist Jan Johansen takka i løpet av kvelden sine venner i AristoCats – som forøvrig var godt representert begge kveldane – for at dei hadde gjort turen til Bergen mogeleg ved å låna dei PA-anlegget sitt. Sjølv er eg glad for Glade Rosenkrantz lot eit band frå det vakre nord, stå på scena i vestlandets hovedstad denne helga.

Kjekke kveldar vart det sjølv om eg grunna min lange reisevei ikkje kunne vera til halv tre då musikken slutta. Me skal vera glade så lenge me har denne plassen som stiller med bra livemusikk på scena kvar einaste helg og som ikkje minst har ein rimeleg inngangsbillett.

Les hele anmeldelsen i neste nummer av De Danseglade

131109  Bergen Foto Anne Karin Eikeland (17)
131109  Bergen Foto Anne Karin Eikeland (15)
131109  Bergen Foto Anne Karin Eikeland (13)
131109  Bergen Foto Anne Karin Eikeland (12)
131109  Bergen Foto Anne Karin Eikeland (11)
131109  Bergen Foto Anne Karin Eikeland (8)
131109  Bergen Foto Anne Karin Eikeland (7)
131109  Bergen Foto Anne Karin Eikeland (6)
131109  Bergen Foto Anne Karin Eikeland (5)
131109  Bergen Foto Anne Karin Eikeland (4)
131109  Bergen Foto Anne Karin Eikeland (3)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Anne-Karin Eikeland

Eg heiter Anne-Karin og bur på vakre vestland, ikkje så langt frå Hardanger. Eg e glad i musikk og likar dansa, spesielt swing. Eg har vore anmeldar i De Danseglade sidan hausten 2010. Hobbyen min er vorte ein fin motpol til ein hektisk jobb. Eg får treffa mange danseglade, dyktige musikarar og ikkje minst flinke arrangørar - eg trives med dette.

Les også