De Danseglade


Vi danset på Storefjell til Steinar Engelbrektsson band og Larz Kristerz

Vi danset på Storefjell til Steinar Engelbrektsson band og Larz Kristerz

Storås 2019
På forsiden akkurat nå

Abo promo feb 2012 Orkideekspressen utvider rammen for dansegalla i Thailand

Denne helga var det klart for dansehelg på Storefjell Resort Hotel – og med fare for å gjenta meg sjølv – det er noko spesielt med å koma opp til dette hotellet som ligg så fint til i naturskjøne omgjevnader langt frå butikkar, kjas og mas. Hotellet har 300 rom og vert i dag drive av dei fire brødra Nibstad. Dansearrangementet var i Veslefjellhallen – min favoritthall, ikkje alt for stor og svært kosleg og med eit topp dansegolv. Svenske Larz Kristerz stod på scena fredagen og sjølv om det var litt lite folk denne kvelden så kosa me oss på dansegolvet me som var der, og stemninga var det ingenting å sei på. Det bemerka faktisk bandet i ettertid. Som dei sjølve sa – det var berre å sei til vennene våre at dei kunne angra seg for ikkje å ha vore der – og det er faktisk sant, her fekk me svinga oss til dansemusikk i flott takt – eit triveleg musikalsk bekjentskap. Etter at første dansekveld var omme kunne ein neste dag ta seg ein tur i spa-/trimavdelinga på hotellet eller ein tur i eit flott turterreng – med eller utan ski – nytta utandørs boblebadet eller få med seg kvalifiseringa til Noregs Sterkast Mann – den føregjekk i Storefjellhallen.Klikk Her Ikoner og bullits for eget bruk

Laurdagskvelden stod Steinar Engelbrektson Band på scena og saman med sin faste lydmann leverte dei ekte vare. Ein gjeng linedansarar hadde teke turen frå vestlandet og sette sitt preg på kvelden – på ein positiv måte. Sissel Lunde Sundby var igjen gjesteartist med bandet og i den samanheng hadde nokre venner av henne fått laga ei flott t-shirt som vart overrekt Steinar Engelbrektson – der det stod: «Eg har sunge med Sissel Lunde Sundby» – som ein slags «takk for sist». Denne vart teken imot med smil og latter og gjengen vart seinare utfordra til å koma opp på scena og visa kva dei dugde til – i ein allsang. Utfordringa tok dei på strak arm og bestod med glans. Dette var visst kvelden for overraskelsar, for kven andre enn Hans Finnanger frå Namsos – eigaren av Finnanger Brygge der Steinar Engelbrektson Band spela inn sin siste video – hadde lagt kvelden til Storefjell. Hendingar som dette kryddra ein elles herlig dansekveld, og sjølv om kanskje Skarvarennet «stjal» litt publikum frå arrangøren – vart det ei flott helg på Golsfjellet med dans og mykje god mat. (Tekst og foto: Anne Karin Eikeland)


Du kan lese anmeldelsen av arrangementet i De Danseglades juninummer

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også