De Danseglade



Vi dansa til Steinar Engelbrektson og AuRa på Westland hotell

Storås 2019
Vårdansen 2019
På forsiden akkurat nå

Første Helga i juni var det duka for country/dansebandweekend på Westland hotel, eit av mange samarbeid mellom Nordhordland Country Club og hotellet. Det heile vart innleda med kyrkjekonsert i Austrheim kyrkje fredags kvelden. (sjå tidlegare omtale/bilder frå kyrkjekonsertane) Seinare på kvelden spela AuRa på hotellet og det var stor stemning blant dei rundt 160 frammøtte. Duoen AuRa beståande av Jarle Lerøy og Sissel Lunde Sundby imponerte ikkje berre meg, men mange med meg – som ikkje hadde høyrt dei før. Dei gav oss ein forrykande start på dansehelga med flott og variert musikk. Laurdagen fortsette arrangementet med kyrkjekonsert i Lindås kyrkje om ettermiddagen og grilling ved hotellet kl. 19. Det var framleis eit kjempefint vêr då me kom til grillinga, men det var ein gjennomtrengjande vind, slik at me måtte kle oss godt eller rett og slett flytta oss inn. Maten var det imidlertid ingenting å utsetja på. Om kvelden overtok dei Gullsko nominerte – Steinar Engelbrektson Band i «Restauranten» og AuRa hadde flytta ned i «LuxBar». Rundt 300 hadde samla seg til dans denne kvelden og det var fullt på dansegolvet med ein gong SEB starta opp. Det var trangt til tider – og varmt – det siste meiner eg dei lett kunne løyst ved å ha 2 vakter i døra ut mot terrassen pluss passa på at publikum ikkje stod i opninga, men varmen var så visst ikkje til hinder for at stemninga var på topp – heile kvelden. Sissel Lunde Sundby var sjølvsagt innom og song saman med Steinar Engelbrektson Band og, alltid like populært. Det vart ei innhaldsrik og flott helg, med berre smilande og blide folk og ikkje minst herlig musikk enten ein ville ha det stemningsfullt i kyrkjene på dagtid, eller dansa linedance, swing, slow eller rett og slett prøva seg på dansen til Ausekarane – «Ausedansen» – på kveldstid ! Anmeldelsen kjem i augustnummeret av De Danseglade. (Tekst og foto Anne-Karin Eikeland)

Abo promo feb 2012 Med Odd Arne Sørensen på Skei omsorgssenter

Abo promo feb 2012 Med Odd Arne Sørensen på Skei omsorgssenter

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også