De Danseglade



VAMP trollbandt Vosse-publikummet

Letohallen
På forsiden akkurat nå

Kalendaren viste 1.12. og billetten til VAMP- konserten i Vossasalen på Park Hotel Vossevangen «brende» i lomma – og det utan at eg noko gong har sett på meg sjølv som noko ihuga VAMP fan, men kven hadde vel ikkje fått deira siste hit «på hjernen»? Knappe timen før konsertstart krydde det av folk, mange var tydelegvis komt tidleg for å å sikra seg gode plassar. Omsider slapp me inn og stolane i den 540 kvm store salen fyltes og ein kunne etter kvart høyra summinga av dei 650 forventningsfulle frammøtte. Mange av dei kosa seg med noko leskande frå den store baren rett utforbi. VAMP hadde leigd Vossasalen denne kvelden, men alt rundt arrangementet var det hotellet som stod for.

Siste utgave kjøpes her På kirkekonsert med Ole Ivars i Myrbostad kirke 6. desember

Konserten starta med 2 låtar frå det nye albumet og andre låt ut var «Liten Fuggel» – til stor glede for publikum. Me vart forsikra om at me skulle få høyra meir frå dette albumet, men først skulle dei spela «..noko gamalt drit..» som Øyvind Staveland uttrykte seg – til latter frå salen – og dermed var tonen satt. Når Vamp stod på scena var det full fokus – frå A til Å – noko dei fekk betalt for. Dei hadde ingen problemer med å få med seg og til tider trollbinda dei frammøtte denne kvelden. Imponerande med tanke på det store spennet blandt publikum – aldersmessig. Far og son Staveland er allsidige musikere og færøyske Eivør Pàlsdòttir som VAMP har innleia eit samarbeid med, var ein nytelse å oppleva – nydeleg song og spel.
Det vart ein utruleg bra og variert konsert då både ho, Odin Staveland og Paul Hansen var vokalister, i tillegg til sjefen sjølv. Forutan desse består bandet av Carl Øyvind Apeland og Torbjørn Økland. Dei var i tillegg «forsterka» med Stein Inge Brækhus på trommer – dyktige musikere med andre ord. Når eg i tillegg hadde perfekt lyd der eg sat OG lyssettinga var berre heilt konge, ja då måtte det verta ein topp kveld.
Bandet gav alt under konserten og godt kjente og mindre kjente låtar kom som perler på snor, her gjekk det non stop. «Månemannen» og «» fekk me sjølvsagt høyra og ingen ville gå før VAMP kom innatt og framførte «Liten Fuggel» ein gong til. Ved konsertslutt var det var berre smilande folk å sjå i salen OG på scena, og bandet hadde god grunn til å vera nøgde med kvelden.

Abo promo lite for teksinnlegg Vi danset til Contrazt på Kirkeby Grendehus i Eidsberg

At VAMP – snart 20 år etter sin første plateutgivelse – har fått ein «ny vår», er vel ikkje å ta for hardt i. Utsolgte konserter over alt – og slett ikkje utan grunn. Eg kan berre sei meg einig med kommentaren som falt frå ei som var på vei ut av Vossasalen : «Hadde dei spelt ein konsert til i kveld, så hadde eg kjøpt billett til den og!» Etter det ein forstår har VAMP planar om å fortsetja med konsertar på nyåret, så ikkje fortvil om du ikkje har vore på konsert med dei enno, eller som meg: ynskjer spandera på deg ein til. Platesalget av »Liten Fuggel» når nye høgder – 150.000 er det siste talet, og om VAMP kan plassera nok ein Spelemannspris på hylla etter dette, vert spennande å sjå.
Dei som verkeleg utnytta denne laurdagskvelden, gjekk rett frå konserten og forsynte seg av det bugnande julebordet som forståeleg nok varte litt lenger enn vanleg denne kvelden. Etterpå kunne dei ivrigaste fortsetja i pianobaren, på diskoteket eller swinga seg på dansegolvet fram til kl. 02:30 til musikk av dei alltid like energiske karane i BRIS. Ein minnerik kveld på Park Hotel Vossevangen vart det ihvertfall ! (Tekst og foto: Anne-Karin Eikeland)

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også