De Danseglade



Seljordfestivalen 2012: Nok eit flott gjennomført arrangement

Letohallen
På forsiden akkurat nå

Så var ein klar for eit av sommarens høgdepunkt – Seljordfestivalen, som gjekk av stabelen 04. – 08.07.12
På ein litt regntung tirsdag gjekk turen frå vestlandet med retning Seljord der ein sjekka inn litt utpå kvelden – mest utan ventetid, heilt topp. At ein opnar for innsjekking alt kl 18 om tirsdagen er berre kjempebra. (se alle bildene i bunnen av artikkelen.Folg oss pa facebook liten Dansefestivalen i Sel 2012, en fyldig bildereportasje

Contrazt ga botn gass
Utover festivalen strøymde det på med bueinheiter og ein såg kun blide folk alle stader – som kosa seg. Denne veka er nok for mange vorte tradisjon, her treffer ein igjen kjente, høyrer på mykje bra musikk, nyt god mat og drikk, og ikkje minst – swingar seg på dansegolvet. Onsdagen var det som vanleg berre musikk på cafè scena og Pia Pihlgrens fekk æra av å starta det heile kl 18, etterfulgt av nordnorske Arctic Band, Vazelina Bilopphøggers og Jannez før vinnaren av Gullskoen – Årets Danseband 2012 – Contrazt avslutta kvelden. Vokalist Gro Anita Johansen var som reine fyrverkeriet på scena i vel ein time, her var det botn gass – for å seie det mildt – og responsen frå publikum utevart ikkje. Kvelden vart ein utruleg flott start på ein fin festival der ein dansa til beina vart slitne og vel så det, men slik skal det vera.

Anne Nørdsti vakrare en nokon gong
Torsdagen fekk me gjenhøyr med bland anna AristoCats som snart må reknast som eit fast «inventar» på festivalen – og den energiske Kjell Kallestad var i storform og gav publikum det dei venta på. Vi kan heller ikkje koma forbi denne dagen utan å nevna Anne Nørdsti. Vakrare enn nokon gang gav ho alt på scena – skulle ikkje tru jento snart skal verta mamma – ho imponerer gang på gang med det høga tempoet sitt. I tillegg til fleir av dei som spelte onsdagen, var PK & Dansefolket og Lasse Stefanz på scena og gledde mange av sine trufaste fans.

 

Vart gira etter mykje show
På scena torsdagen fekk me stifta bekjentskap med dei energiske Snusbusarna og høyra dei populære Creedence Norwegian Revival og Sogns. På hovedscena var Face 84, Vagabond, Bonnie Tyler og DDE – og eg kan godt forstå dei som vart så oppgira etter desse 2 siste forrykande showa og for ikkje å snakka om all allsangen – at dei ikkje hadde lyst til å ta kvelden. Det er liksom litt tidleg å gå «til ro» kl 01 og ein skulle ikkje gjera mykje av seg etter dette klokkeslettet før vaktene var på plass. Personleg skulle eg ønska at musikken hadde starta litt seinare på dag, og kanskje vart litt lenger utover natta, men arrangøren har nok reglar dei må innretta seg etter.

Kjempestemning på Bjørgenuten
Fredagen var det å hiva på seg passande sko og belaga seg på ein rimeleg bratt tur til Bjørgenuten – 895 moh – der Vagabond skulle ha friluftskonsert. Både då me skulle fram og tilbake vart det ein del venting på busstransporten som frakta oss eit stykke. Trur ikkje arrangøren hadde rekna med at så mange som 200 ville visa intresse for å gå denne turen. Med 3 gitarer og 1 trekkspel gav Vagabond oss ein konsert som var vel verdt slitet opp dei bratte bakkane. Det var kjempestemning på Bjørgenuten denne dagen og ingen skal anklaga desse karane for ikkje å kunna syngja, dette var heilt konge! Einaste man kan setja fingen på var at det var litt distraherande at helikopteret kom 2 turar opp med folk etter at konserten var starta. Slike ting vert nok heilt sikkert retta på til neste år, for dette vonar eg er noko arrangøren vil byggja vidare på.

 

 

Laurdagen stod Borderland, KG Band, Norske Menn og Hanne Mette Band på scena.Veit mange hadde gleda seg til å høyra Hanne Mette att – med eige band – og ein kan vel enkelt sei det slik: Ho har flinke musikarar med seg og ho hadde ikkje gløymt «gamle kunstar»! På hovedscena vart denne kvelden avslutta med Ole Ivars i god stil og Heine Totland/Buddy Holly The Concert med eit imponerande show i år som i fjor!

Ein plass å stortrivast
Rundt 15.000 fekk oppleva alt dette og for ikkje å snakka om alle intimkonsertane me fekk med oss i Tyldenbua – skal lett innrømma at dette er ein plass eg stortrivast. Den stemninga enkelte band klarar å skapa i dette vesle teltet er berre heilt utruleg. Spesielt kjekt er det at me får høve til å få høyra «nye» band – denne gongen var det Bris som var der og promoterte den nye plata si som kjem til hausten. 3 opptredenar hadde dei laurdagen og mest imponert var eg over stemningen dei klarte skapa i teltet så tidleg som klokka 18 denne dagen.

 

Den 12. Seljordfestivalen må ein beteikna som ein fin festival bygd på erfaring og rutine, og kva som er årsaka til nedgangen i publikumstalet vil ein nok prøva finna ut i evalueringa. Kanskje festivalane er vorte for dyre, spesielt dei som kjem tett etter kvarandre om sumaren? Kanskje me hadde kome og kosa oss like mykje om ikkje arrangøren hadde leigd inn «spinndyre» band, men hadde andre fått inn andre godt kjende norske/nordiske band og lete dei mest populære fått meir speletid? Kven veit – men uansett – all honnør til arrangøren og dei mange hyggelige og uunnværlige hjelparar! Nok eit flott gjennomført arrangement i Seljord er over – regnet kom til slutt, men klarte ikkje leggja noko dempar på stemninga på Seljordfestivalen 2012!

Les en større artikkel om Seljordfestivalen i De Danseglades augustnummer. Her finner du også ein anmeldelse av arrangementet. Bildene og saken vil også bli oppdatert utover i uka. (Tekst: Anne Karin Eikeland, foto: Asle Strand)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også