De Danseglade



På platerelease med Bris

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Laurdag 6. oktober var det duka for Oktoberfest i Fusa Samfunnshus i Hordaland. På tross av at helga nok ikkje var heilt ideell å leggja eit arrangement til sidan haustferien på vestlandsskulane nett hadde starta – så hadde mange funne vegen til festen som starta med show kl. 20:30. Komikaren Roar Brekke skuffa ikkje, han fekk utruleg god kontakt med publikum og han harselerte både med dei, lokale personar og ikkje minst ivrige facebook brukarar. Skikkeleg bra show, så knappe halvanna time gjekk utruleg fort. Avsluttningsnummeret der forplantingslæra var skriven om til eit Espen Askeladd eventyr – var berre heilt konge! Kan trygt sei me fekk trimma lattermusklane godt og det vart ein flott start på kvelden, før BRIS overtok scena og fekk sving på dansefoten til dei frammøtte. Dette var ein heilt spesiell kveld for bandet, dei hadde nemleg plateslepp og hadde fått besøk av ingen ringare enn Tom Hovde frå plateselskapet Tylden & Co der «Varme vindar» er utgitt. At Hovde hadde teke seg tid til å ta turen til Fusa – på tross at av han søndagen skulle vera tidleg tilbake på austlandet for å vera i ein 90 årsdag – sette karane i BRIS uendeleg stor pris på. Praten gjekk laust og det var masse smil og latter backstage – der arrangøren hadde laga det koseleg til og i tillegg serverte nydeleg mat. Før dansen tok heilt av, kom Hovde på scena og fortalte litt om kvifor BRIS hadde fanga Tylden & Co si interesse, deretter presenterte han bandet samstundes som arrangøren delte ut raude roser. Sjølv om BRIS var prega av «stundens alvor» drog dei til i kjent stil og Hovde var tydeleg fornøgd med det han såg og høyrde. Kjekt var det og at Bodil Herre som på plata syng i duetten «So Fint Om Du Var Omkring», hadde teke turen frå Voss for å gleda oss med den fine stemma si, me fekk i tillegg høyra både « Tir N’a Noir» og «The Rose».

Abo promo lite for teksinnlegg De Danseglade anmelder video: PK   Slik ho er

«Varme vindar» er produsert av BRIS og Eirik Grønner i Demningen studio . At platesleppet var lagt til dette arrangementet i Fusa var nok ingen tilfeldighet, for Gunnar Engevik som spelar gitar, mandolin, banjo, dobro og munnspill i bandet og som i tillegg står bak tekst og melodi til 8 av låtane pluss har laga ein instrumentallåt til plata – er nemleg fødd og har trakka sine barneskor i bygda Sævareid i Fusa kommune. Vokalist Arvid Søreide og dei andre i bandet meinte difor dette ville vera ekstra stas, og det vart det. Ein flott kveld der folk storkosa seg på dansegolvet og allsangfaktoren var til tider høg. Savna me nokon på scena, var det berre å kasta eit blikk rundt i lokalet for då fôr dei nemleg nede blant publikum og spela. Dei to flotte damene som sat og solgte plater stod på, så karane fekk ein heil jobb med signering. Når bandet fekk kommentarar som : «Eg er ikkje noko flink til å dansa, men eg har sete og høyrt på dei fine tekstane » – ja då fann dei kanskje forklaring på kvifor deira første plate hadde forhåndssolgt i over 1000 eksemplara, kanskje publikum hadde likt EP’n ? (Når dette kjem på trykk så er det klart at at plata har gått rett inn på 8. plass på VG lista Topp 40 – i si første veke, men som dei jordnære karane seier då eg ber om reaksjon på dette : «Me kan like godt vera ute av lista i neste veke, men fantastisk moro er det likevel ! » ) Ein anna kjekk episode – synes eg som anmelder i DD – var då ei ung jente klemte bladet godt inn til brystet då ho gjekk, og sa : «Detta skal eg ha med meg heim !» Oktobernummeret av DD – der det var ein reportasje om BRIS inni bladet og Tylden & Co. omtala bandet på baksida – kunne ein nemleg få ta gratis med seg heim denne kvelden om ein ønska det.

Folg oss pa facebook liten Heidi Stavrum, snart doktor i danseband

Kjekt i den samanheng var det å få så mange positive tilbakemeldingar, mange var storleg overraska over bl.a. den flotte papirkvaliteten, eksklusivt var blant orda som vart brukt. Ikkje alle var like kjent med bladet tydelegvis, særleg ikkje mange av dei unge som var på plass denne kvelden. (Tekst og foto : Anne-Karin Eikeland)

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også