De Danseglade



På konsertar i Austrheim og Lindås kyrkje med Steinar Engelbrektson Band og AuRa.

Storås 2019
Vårdansen 2019
På forsiden akkurat nå

I samband med at Nordhordland Country Club med Steinar Kjenes i spissen, sammen med Westland hotel inviterte til country/danseband weekend 1. og 2.juni, vart det tradisjonen tru arrangert kyrkjekonsert. Nytt av året var at det var 2 konsertar, ein i Austrheim kyrkje og ein i Lindås kyrkje, hhv. fredag kl. 19:oo og laurdag kl. 15:oo. Rundt 140 var på den første konserten og 150 på den andre, ja nokon såg eg faktisk på begge konsertane. Det som slår meg når det gjeld kyrkjene, er at dei som regel vert fylt opp bakfrå og fram, ikkje omvendt, uvisst av kva grunn. Steinar Engelbrektson Band som har vore med på dette fleire gonger – gav oss to kjempefine konsertar som ikkje går i gløymeboka så lett – verdige, men ispedd ein god del humor. Dei frammøtte klappa etter kvar melodi, folk reiste seg av begeistring og her var trampeklapp etter 90 minutter. Som Steinar Engelbrektson sa, dei lika veldig godt spela i kyrkjer då desse som regel har god akustikk og ikkje minst grunna eit lydhøyrt og flott publikum. Sissel Lunde Sundby sette – som gjesteartist med SEB – sitt preg på begge konsertane, både i duettar og då ho song åleine. Ho og Jarle Lerøy (duoen AuRa frå Austrheim og Radøy) gav oss fleire smakebitar av sitt flotte repetoar. At lokale artistar var med, sette ein ekstra spiss på det heile. Frå Lindås kyrkje var det direkteoverføring i lyd og bilder til Lindås Bu- og servicesenter, på den måten fekk enno fleir glede av sangen og musikken. Her i kyrkja var og ho som må vera ein av SEB sin yngste tilhengjarar – ei nydeleg jente som og hadde vore og helsa på idola sine utanfor kyrkja i Austrheim dagen før. Då ho under konserten vart snakka direkte til – trur eg det var fleir enn meg som vart rørt. To lokalavviser dekka konserten på Lindås og omtala den som storlytt. Personleg held eg ein knapp på konserten i Austrheim, men skal innrømma at då Steinar Engelbrektson stod åleine i kyrkja på Lindås og framførte «Gje meg handa di,ven», DÅ fekk eg gåsehud. Stemma hans kom verkeleg til sin rett i denne utruleg vakre sangen. Konsertane kan eg ganske enkelt oppsummera med eit ord som gjekk igjen desse dagane – fantastisk ! Me er heldige som har arrangørar som dreg i gang slikt og ikkje minst artistar som gjer det til ein flott opplevelse. Det har visstnok vore vanleg at det vart gjeve ei pengegåve til ein organisasjon i samband med kyrkjekonsertane – det gjorde ein ikkje denne gongen, men arrangøren opplyste at ved neste korsvei ville ein gje ei pengegåve til Aleksander Dale Oen Minnefond. Denne informasjonen vart teken imot av dei frammøtte med applaus. (Tekst og bilder: Anne-Karin Eikeland)

Abo promo feb 2012 Bildespesial Dansefestivalen i Sel

Abo promo feb 2012 Bildespesial Dansefestivalen i Sel

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også