De Danseglade



Krabbefestival med dans på Atløy i Sogn og Fjordane

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Folg oss pa facebook liten Kapellmester i Bhonus, Hans Östh

Etter å ha lagt bak seg 25 mil og 2 ferjeturar, var eg framme på Atløy – ei øy i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Her skulle det nemleg vera ein krabbefestival og det høyrdes spennande ut. Festivalen starta opp for 5 år sidan som eit prosjekt – Atløy vel – og intensjonen var å skapa fellesskap mellom bygdene, noko den så absolutt har gjort! Alt basserer seg på dugnad, godt leda av ein komitè, og overskotet vert fordelt mellom kulturhuset og 2 grendahus.
Festivalen starta alt fredagen med bl.a. revy og dans, men eg var ikkje på plass før laurdagen – dagen med mange forskjellige aktiviteter på festivalområdet der rundt 1200 var samla i eit nydeleg vêr, og det var ikkje få båtar som låg i havna. Det var bl.a. dansekurs, danseoppvisning av seniordansarar, hoppeslott for dei minste og «Ta sjansen». Ein som det vart halde utdrikkingslag for, sette ein ekstra spiss på denne konkurransen då han stillte opp i knall rosa bikini og parykk, vant gjorde han ikkje, men artig innslag var det. Tidlegare på dagen kunne me velja mellom 3 forskjellige tidspunkt for å setja oss til eit krabbebord og for ikkje å snakka om dei mange gode krabberettane me kunne få kjøpa. Ikkje mindre enn 1930 kg krabbe var kokt og han som vant tippekonkurransen og gjekk derifrå med ein kantklippar til ein verdi av 2500 kr – han bomma berre med 10 kg! Så var kvelden komt og det var klart for dans – Odd Rogers spela på Heggøybua (vanlegvis plar her vera gamaldans) – Hunky Dory spela på pub’n på Tviberg Feriesenter. BRIS spela i Fotstøa der det hadde samla seg nærare 700 danse- og festglade og det vart ein herlig kved med fin og variert musikk og eit publikum i kjempestemning som både sang med og svinga seg i hallen, og dei hadde ikkje lyst å gje slepp utpå natta – sjølv ikkje etter ekstranummer. Dette fristar til gjentakelse, flott opplegg, ein herleg dugnadsgjeng – her var berre smil heile veien – og ikkje minst naturskjøne omgjevnader. Tekst og foto Anne-Karin Eikeland.

Anmeldelsen kjem i oktobernummeret av De Danseglade

Folg oss pa facebook liten Kapellmester i Bhonus, Hans Östh

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også