De Danseglade



Julebord med BRIS på Park Hotel Vossevangen

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Det var ein mørk og regntung ettermiddag eg sette meg i bilen for å kjøra 2 timar til Voss for å unna meg ei helg på julebord, saman med gode venner. Sjeldan har eg vel vore så glad for alle tunellane mellom Trengereid og Voss. Det letta imidlertid og det vart nokre fine dagar med mykje fengjande god musikk og nydeleg mat – her mangla me ingenting – verken til frukost eller under julemiddagen. Park Hotel har over 130 rom, inkl. 2 suiter og 15 minisuiter. Cafe Stationen der me dansa er ein imtim og triveleg stad, dei mange gamle skilt langs veggane slik du kan sjå på bilda, gjev lokalet eit særpreg. Inn mot der det var dekka til julemiddag, står det «Spisevogna». Forutan den tradisjonelle julematen, var sjølvsagt smalahove på menyen, noko anna er utenkjeleg på Voss. Når eg så i tillegg hadde smilande og imøtekomande hotellansatte rundt meg heile tida, så måtte det jo verta ei bra helg. Eg merka meg spesielt nokre unge jenter som var på plass under frukosten i dag, dei var arbeidssomme, ingenting vart oversett og dei smilte heile tida! Dette, saman med ein herleg frukostbufè, gav meg ein god start på dagen.

Abo promo lite for teksinnlegg Rikingan på Løkta pub
Under polonesen som BRIS med vokalist Arvid Søreide i spiss drog i gang – saman med dagleg leiar for Cafe Stationen – Børge Kvamsdal, stod stemninga i taket. Dette fall i smak – utruleg bra. Det var imidlertid ikkje berre DÅ latteren sat laust i lokalet, det var mykje show frå scena denne kvelden. Elles var det mange som kosa seg på dansegolvet, ja enkelte var mest ikkje av – DEI levde ihvertfall opp til BRIS sitt slagord «Svett, sliten og lykkelig». Bodil Herre som syng i ein duett på plata til BRIS, var sjølvsagt på plass og gledde oss med mykje fin song, og etter å ha framført «The Rose» – fekk ho trampeklapp. Forutan dansen kunne du ta deg ein tur i Pianissimo pianobar som ligg strategisk til midt inne i hotellet, eller stikka nedom Pentagon nattklubb. Park Hotel med sin Restaurant Elysèe – er kjent for sin rikholdige vinkjellar og har bl.a. fått den prestisjetunge utmerknaden «Award of Exellence» frå det velrenomerte vintidsskriftet «Wine Spectator». SÅ – fekk du ikkje med deg denne helga så fortvil ikkje, du har fortsatt muligheten 4 helger framover – same gode julematen og musikken. Voss er imidlertid ein populær stad og denne helga var hotella i sentrum faktisk fullbooka lang tid på førehand. Kjem snøen, så er du kanskje så heldig at du bur slik til at du ikkje treng bekymra deg for kjøreforholda – då kan du «Ta toget til Vossevangen ……. » som det heiter i sangen. Konklusjonen min er ihvertfall klar: Ei julebordhelg på Park Hotell Vossevangen er å anbefala! (Tekst og foto: Anne Karin Eikeland).

Siste utgave kj%C3%B8pes her Rikingan på Løkta pub

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også