De Danseglade



Jonsokdans på Smalahovetunet - Voss i Hordaland

Braatthallen h 2019
Letohallen
På forsiden akkurat nå

Så var helga komt, det var klart for ein ny Jonsokdans på Løno. Dette har for mange vorte ein kjær tradisjon for mange, og her treffer ein att venner og kjente, år etter år. I år kom det folk heilt frå Karasjok. Klikk Her Vi danset til Rune Rudbergband i SarpsborgDet var og veldig kjekt å høyra så mange med rogalandsdialekt. Dette arrangementet starta eigentleg med at ein liten familie på Løno inviterte slekt og vener til jonsokfeiring, og så har det berre auka på! Far, son og dotter står no i spissen for dette som i år samla 250 bueinheiter og 3500 tilsaman, som alle var innom låven og teltet desse 2 kveldane – mot tilsvarende 145 og 1500 i fjor! Dette kan ein vel trygt kalla publikumsrekord?
Det var så mange som kom utan å ha førehandsbestilt på campingplassen, at arrangøren måtte utvida området fleire gonger, då er det godt å ha ein heil gard å ta av. Då me sjekka inn fekk me utdelt eit hefte med 10 sider, med mykje nyttig info om arrangementet, Gullskoen (da Jonsokdansen i år er nominert som årets arrangør), garden Staup som det gjekk guida tur til om laurdagen, bra kart over området og ikkje minst tilbakemeldingsskjema. Flakar til å ha utfor bueinheitene om ein ønska det, var å finna. Avisa BT fekk me på «døra» 4 dagar og fruskostpose m. rundstykke, juice, lønorull m.m. på laurdags morgonen. Gjensidige refleksvest fekk me og.
Grindabygget – nyoppsett i 2009 – var åpent frå torsdagen og der kunne ein få kjøpa kaker, sveler, betasuppe, kaffi og anna drikke. I år var det faktisk stor pågang der om søndagen, mange ville kjøpa med seg heim både smalahove, lønerull og fenalår.
Sogns – som har spela mange år på Jonsokdansen, fekk æra av å opna det heile på Låven kl 21 før Bris byrja i teltet litt seinare. Bris spela nonstop nokre timar til Gunslingers overtok, og sjølv om det kom regnvêr utpå natta, såg det ut for at publikum kosa seg og dansa til livat musikk. Laurdagen var det så klart for smalahovemiddagen med noko attåt kl 18. Og då dei 415 hadde funne sine plasser kring borda, vart det underholdning av smalahovekongen Ivar L Løne og toraderspelaren Paul Jarle Grande. Løne sjølv gjekk villig rundtom og fortalte og forklarte, for nokon visste kva dei gjekk til og andre ikkje. Likte ein det ikkje det ein fekk servert, kunne ein få pinnakjøt, mett skulle ein ihvertfall verta . Til dessert var det som vanleg råmjølkspudding, ikkje nett like god som bestemor sin, men det var heller ikkje å forventa. Stemninga under smalahovemiddagen må berre opplevast, for den kan vanskeleg beskrivast. Eg plar sei det slik: Einaste plassane eg veit det er lov å dansa på benkane , ja det må vera på Jonsokdansen på Løno og på Smalahovesleppet nede på Voss om hausten, ja der har eg faktisk sett dei har dansa på borda og! Laurdagskvelden starta det med gamaldans på Låven før Bris overtok scena og heldt det gåande til 02:30 med kun ein pause. Heilt tydeleg at desse karane var spelekåte. Det var ei rørande stemning då Bodil Herre frå Voss kom opp på scena og song duett – Tir N’a Noir – og seinare på kvelden song ho «The Rose», vakkert.
I teltet var det nonstop musikk med AristoCats og Steinar Engelbrektson Band. AristoCats har spela fleire år på Løno og det vert visst det same her som på Seljordfestivalen: eit folkekrav at dei er der. Steinar Engelbrektson Band trur eg likte seg så godt og fekk så god kontakt med publikum – at det verka ikkje som dei hadde lyst å gje seg då klokka passerte 02:30. Sissel Lunde Sundby var også denne gongen sjølvsagt gjesteartist i duetten «Ikkje Gje Opp Håpet» slik ho plar gjera når ho er i nærleiken av SEB – i tillegg gleda ho oss med bl.a. den fartsfylte «Driving My Life Away» – utruleg bra. Ein fantastisk kveld der alle banda ytte max og det betaler seg – publikum storkosa seg enten dei var på dansegolvet, nytte musikken eller snakka med kjente inne eller ute, eller for ikkje å gløyma – stifta nye bekjentskap. Stort jonsokbål høyrde sjølvsagt med.
Det vart nok eit flott arrangement på Løno i år, der smalahovekongen opna heimen sin for artistane og dei fekk beskjed om å «føla seg som heime».(Tekst og foto: Anne-Karin Eikeland, Video: Arnfinn Borge)
Her mangla dei ingenting.

Anmeldelsen av arrangementet kjem i augustnummeret av De Danseglade Abo promo feb 2012 Vi danset til Rune Rudbergband i Sarpsborg

Her er noen videoer fra Sogns og Bris. Helt underst finner du masse flotte bilder!







Abo promo feb 2012 Vi danset til Rune Rudbergband i Sarpsborg

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også