De Danseglade


Vi var på Fårefestivalen på Gol

Vi var på Fårefestivalen på Gol

Vårdansen 2019
Storås 2020
På forsiden akkurat nå

Helga 23.- 25.09.11, var det duket for ”Fårefestivalen på Gol”. Den starta med ein ”Fårete dag” i 2009. Arrangøren har bygd vidare på dette konseptet – dei har fokus på barn og dyr, og det at landbruk og reiseliv går hand i hand. 2010 var første året festivalen vart arrangert i slikt omfang som no, og i år vitja rundt 20.000 festivalen ifølgje Gro Hjelmen. Ein formidabel auke frå i fjor, og mykje av grunnen til det er nok at det føregår mykje på dagtid – tettpakka program frå fredag ettermiddag til søndag kveld og alt dette er gratis. Mange gode tilbod i butikkane og rundt 40 salgsboder. Det er aktiviteter/underholdning for heile familien, alt frå revy og buktaling – til kurs, konkurranse i saueklipp, gjeting av sau, kåring av folkets (fåre)favoritt og ”Lammekengoppvisning” med 2.Jinter og Fretex, eit kjempepopulært innslag. Gol Reisemål AS i samarbeid med Gol Campingsenter Apartment AS har all grunn til å vera fornøgd med festivalen i år, og me får opplyst at til neste år vert det fleire nye spennande innslag, bl.a. NM i Veteran Traktorpløying. Ifylgje Gro Hjemen kjem mange «heim» til Gol denne helga, fårefestivalen er vorte ein populær treffstad.
Det mange sjølvsagt såg fram til på festivalen – var dansen. Sjølv om det til tider var trangt om plassen, så kosa publikum seg. AristoCats fekk æra av å opna, før Plumbo kom på scena og gav oss ein forrykande opptreden. Då sistnevnte avslutta med ”Møkkamann” ljoma allsangen i teltet. Svært mange tilhengjarar var på plass då Staut entra scena på laurdagen, stemninga var på topp, så det var ingen enkel oppgåve AristoCats fekk som skulle avslutta kvelden, men dei trødde til med nokre skikkeleg fengjande låtar så godstemninga berre fortsette til dansen var slutt. Her kosa ungdom og godt vaksne seg i skjønn forening, kjempetriveleg opplegg.
Les anmeldelsen av arrangementet i De Danseglades desembernummer!

Abonner på DD knapp e1319455816692 Ole Ivars med albumet 34

Les De Danseglades fyldige anmeldelse av arrangementet på trykk. Vi kaster terning på i alt elleve parametere, og er med på å sikre den gode danseopplevelsen for deg som danser.

Redaksjon

Saker merket Redaksjon, er enten saker sakset fra De Danseglade, saker levert av eksterne skribenter, eller saker fra redaksjonen.

Les også